Bli med i nye internasjonale forskarnettverk som kan bli springbrett til Horisont Europa
Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 70 nye COST-nettverk som startar opp i 2025. VI har sett at deltakarar i desse nettverka har større sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.
Dette er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar og dei er i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST).
Deltakarane tek med seg eiga forsking inn i nettverket. COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket og til sommarskular og korte forskingsopphald.
COST finansierer ikkje forsking.
Stor norsk interesse
Det er stor interesse her i Noreg for å delta i desse nettverka. Norske aktørar deltek i nærare 90 prosent av dei rundt 300 aktive nettverka. Ifølgje ei spørjegransking frå oss Forskingsrådet, er kvar tredje norske deltakar med i ein Horisont Europa-søknad eller dei planlegg ein søknad saman med andre deltakarar frå nettverket.
Nettverka kan opne mange dører
Fleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt, med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader.
Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.
– Dette er ein god inngang til internasjonalt samarbeid og eit høve til å utvikle eit personleg fagleg nettverk som kan opne mange dører, seier Trude Dypvik, spesialrådgivar i Forskingsrådet.
Ta kontakt viss du vil delta
Du finn oversikt over dei nye nettverka på nettsida til COST. Ta kontakt med oss i Forskningsrådet så snart som mulig viss du ønskjer å bli med. For å bli vurdert i den første runden av oppnevningar til desse nye nettverka må du kontakte oss seinast 13. juni 2025.
Send ein e-post til: COST-CNC@forskningsradet.no.
Vi kjem til å be dei som er interesserte i delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore "secondary proposers" i søknadsprosessen.
Positive erfaringar frå norske deltakarar i COST-nettverk
Vi sendte tidligare i år ei spørjegransking til norske deltakarar i nettverk som vart avslutta i 2022 og 2023. Her er nokre utdrag frå svara vi fekk:
- 31 prosent deltek i EU-prosjekt, i ein søknad eller planlegg ein søknad til Horisont Europa, saman med andre deltakarar frå nettverket.
- 20 prosent seier deltakinga i nettverket har vore heilt avgjerande for å komme inn i gode konsortium med tanke på deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
- Meir enn 60 prosent har publisert saman med andre deltakarar i nettverket.
- Nærare 80 prosent seier at dei heilt klart vil tilrå andre å delta i eit COST-nettverk.
Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk er no open for søknader og søknadsfristen er 21. oktober 2025: Open Call: A Simple One-Step Application Process.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mai 2025, kl. 22.59 CEST