Spør KI-samtaleroboten vår

Investeringar i tungrekning vil gjere forsking i verdsklasse mogleg

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Forskingsrådet gjennomført eit forprosjekt for nasjonal infrastruktur for tungrekning. I rapporten tilrår vi mellom anna ein stor auke i investeringar i tungrekneinfrastruktur dei neste fem åra.

I januar fekk Forskingsrådet i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD) å gjennomføre eit forprosjekt om ein nasjonal infrastruktur for reknekraft. Vi har no levert rapporten som samanfattar forprosjektet.  

Arbeidet er basert på eit tilrådd konsept i ei konseptvalutgreiing for investeringar i ein nasjonal infrastruktur for tungrekning som Forskingsrådet leverte til Kunnskapsdepartementet i januar.  

– Eit løft for nasjonal infrastruktur for tungrekning er avgjerande for å dekkje behovet både i forsking, næringsutvikling og forvaltning. Dette vil gjere forsking i verdsklasse mogleg, det vil styrkje norsk konkurransekraft og støtte opp under omstillinga i både offentleg og privat sektor, seier områdedirektør i Forskingsrådet Benedicte Løseth.  

Formålet med forprosjektet var å gi regjeringa tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere strategien for prosjektet, å tilrå ei kostnadsramme og å kunne gi føringar for den vidare styringa av prosjektet.  

Innsikt frå sentrale aktørar 

I arbeidet med forprosjektet har sentrale aktørar vorte involverte gjennom kontaktmøte, informasjonsmøte, spørjeundersøkingar, workshopar og dialogmøte. Universitet, andre relevante fagmiljø, offentlege verksemder og internasjonale samarbeidspartnarar har vore involverte. Det har også vore avgjerande med tett samarbeid med Sigma2 gjennom forprosjektet.  

– Innsiktarbeidet og det gode samarbeidet med dei involverte aktørane har gitt prosjektet brei og tverrfagleg informasjon som grunnlag for analysar og tilrådingar. Parallelt har det vorte gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av konseptvalutgreiinga. Det har gitt rask framdrift og bidratt til å løfte kvaliteten i arbeidet, seier Løseth.  

Forskingsrådet tilrår 

  • at det blir sett av betydeleg offentlege midlar i åra framover for å sikre at Noreg har tilstrekkeleg tilgang til tungrekningskapasitet til forsking og til FoU i forvaltninga 
  • at den nasjonale leverandøren av tungrekning skal byggje vidare på dagens leverandør, Sigma2 (inkludert samarbeidspartnarar), og tilby tenester til ei noko større breidd av brukarar 
  • at nasjonal kompetanse i tungrekning blir utnytta på ein god måte og at ein reduserer behovet for nye investeringar gjennom å utnytte dei investeringane som allereie er gjorde og minimere tida det tek å implementere det 
  • ei stegvis utvikling mot samfunnsmålet om at den nasjonale tungrekneleverandøren skal vere ein sikker, fleksibel og berekraftig infrastruktur for tungrekning som gjer forsking i verdsklasse mogleg 
  • nært samarbeid med nordiske land og EuroHPC 
  • ein endra finansieringsmodell som gir ei stabil og føreseieleg finansiering 

Prosessen framover 

Forprosjektet skal no gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2). Denne kvalitetssikringa dannar grunnlaget for at regjeringa kan ta ei investeringsavgjerd. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juni 2025, kl. 21.35 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.