Er du interessert i forskingsetiske spørsmål?
No har du høve til å engasjere deg aktivt i forskingsetikk. Det skal utnemnast nye medlemmer og varamedlemmer til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane for perioden 2026 til 2029. Både forskarar og andre interesserte blir oppmoda til å melde seg.
Oppgåvene til komiteane
Det er tre nasjonale forskingsetiske komitear: ein for medisin og helsefag (NEM), ein for naturvitskap og teknologi (NENT) og ein for samfunnsvitskap og humaniora (NESH). Kvar komité har ansvar for sitt fagområde, og hovudoppgåva deira er å gi råd og formidle informasjon om forskingsetiske spørsmål til forskarar, forskingsinstitusjonar, forvaltninga og samfunnet. I tillegg er granskingsutvalget (GRU) ein nasjonal ressurs som hjelper forskingsinstitusjonar i behandling av snusksaker.
Det skal no utnemnast nye medlemmer og varamedlemmer til dei tre forskingsetiske komiteane og til granskingsutvalget for perioden 2026―2029. Kunnskapsdepartementet har bede Forskingsrådet leggje fram forslag til medlemmer og varamedlemmer for perioden 1. januar 2026 til 31. desember 2029. Vi ønskjer derfor å komme i kontakt med engasjerte forskarar og andre interesserte som ønskjer å bidra til dette viktige arbeidet.
Det blir søkt etter personar til følgjande arbeidsområde:
NEM (medisin og helsefag): Lekfolk med interesse for og forskarar med fagkompetanse i medisin, helsefag, psykologi, genetikk, juss og filosofi/etikk.
NENT (naturvitskap og teknologi): Lekfolk med interesse for og forskarar med fagkompetanse i naturvitskap og teknologi, industri-, landbruks- og fiskeriforsking og bio- og genteknologisk forsking som ikkje blir dekt av NEM.
NESH (samfunnsvitskap og humaniora): Lekfolk med interesse for og forskarar med fagkompetanse i kultur og samfunnsfag, under dette historie, teologi, antropologi, juss og filosofi/etikk.
GRU (granskningsutvalget): Lekfolk med interesse for og forskarar med fagkompetanse i forsking, juss og etikk.
Sjå også den felles nettsida til dei forskingsetiske komiteane for meir informasjon om oppgåvene til komiteane.
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane er forvaltningsorgan med eit felles sekretariat som held til i Oslo. Medlemmene blir utnemnde av Kunnskapsdepartementet etter innstilling frå Noregs forskingsråd for ein periode på fire år. Komiteane møtest 4―7 gonger i året og kvart møte varer ca. 6 timar (sjå vedlegg). Det er forventa at medlemmene prioriterer møtedeltaking høgt, og at fråvær berre skjer unntaksvis.
Om du er interessert i å sitje i ein av komiteane, send ei kort grunngiving, CV med korte opplysningar om deg sjølv og erfaringa og motivasjonen din, og dessutan to referansar, eventuelle verv, og andre relevante opplysningar innan måndag 23. juni til forslag-komiteer@forskningsradet.no.
Har du spørsmål om kva dette arbeidet inneber kan du kontakte oss på på den samme e-postadressa: forslag-komiteer@forskningsradet.no.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juni 2025, kl. 21.23 CEST