Europa treng eit frittståande forskings- og innovasjonsprogram
Styret til Forskingsrådet har gitt Europakommisjonen innspel om EUs satsing på forsking og innovasjon i neste langtidsbudsjett.
Europakommisjonen publiserte i februar ei open høyring om EUs neste langstidsbudsjett (Multiannual Financial Framework, MFF) for 2028–2034. No har styret vårt levert innspelet sitt til Europakommisjonen.
Styret legg vekt på i innspelet at EUs rammeprogram er svært viktige for internasjonalt forskingssamarbeid og verdiskaping. Horisont Europa bør fornyast, men bør halde fram med å vere eit frittståande forskings- og innovasjonsprogram.
– Med den geopolitiske situasjonen som bakteppe, hastar overgangen til ein berekraftig konkurransedyktig økonomi og større europeisk motstandsevne. Vi treng eit integrert, sjølvstendig og godt finansiert forskings- og innovasjonsprogram som bidreg i utviklinga av økonomien og samfunnet, seier styreleiar i Forskingsrådet Gunnar Bovim.
Prioritere europeisk og globalt samarbeid
EUs langtidsbudsjett legg økonomiske og strukturelle rammer for EUs forskings- og innovasjonsaktivitetar. Innretninga av EUs finansiering av forsking og innovasjon har mykje å seie for norske aktørar.
– Det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon i EU (FP10) bør prioritere europeisk og globalt samarbeid for å handtere dei globale utfordringane, særleg den grøne og digitale omstillinga som er nødvendig for å styrkje Europas konkurranseevne. Dette krev store investeringar, ei klar retning med stramme prioriteringar og eit sterkt og breiare forskings- og innovasjonssystem med framifrå forsking i fronten, seier Bovim.
Nytt langtidsbudsjett klart i 2027
Det er venta at Europakommisjonen vil fremje eit forslag til nytt langtidsbudsjett i juli 2025. Satsinga på forsking og innovasjon inngår etter alt å dømme i eit breitt oppbygd konkurranseevnefond. Både Europaparlamentet og EUs forskingsministrar (Konkurranseevnerådet) har signalisert at dei ønskjer ei vidareføring av Horisont Europa.
Truleg vil det bli semje om hovudlinjene i langtidsbudsjettet i løpet av 2026, medan nivået på budsjettet til ulike formål truleg ikkje vil bli avklart før i 2027.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juni 2025, kl. 21.38 CEST